نبذة مختصرة : Temaet for oppgåva er objektiv bruksverdi etter vederlagslova § 6, med hovudproblemstillinga: Har seinare tids rettspraksis ved vurdering av objektiv bruksverdi av jordbruksareal etter orvl. §6, ført til høgare erstatningsvederlag i kr/pr. m2 for dyrka mark? I løpet av dei seinare åra har det vore fleire vegskjønn der vederlag for dyrka mark er vurdert ut i frå bruksverdien etter vederlagslova §6, har fått eit høgare vederlag for dyrka mark, enn det som tidlegare har vore vanleg. Dette har medført ein uklar tolking av rettsbruk for kva som er meint med objektiv bruksverdi og pårekneleg utnytting av landbrukseigedommen. Det har vore ein tendens til at pårekneleg utnytting er høgare enn det som er dagens produksjon på eigedommen. Staten har ved fleire høve forsøkt å anke overskjønn, der retten har vektlag eit pårekneleg høgare produksjon enn det som er den pågåande produksjonen. Høgsterett har ikkje teke nokon av desse ankeerklæringane opp til vurdering, da det etter Høgsterett sitt syn ikkje er ein prinsipiell sak. Gjennom case-studie har eg velt å sjå nærmare på tre vegprosjekt i Vestfold, der overskjønnet har vore forsøkt anke Høgsterett, på grunnlag av vurderinga av orvl. §6. Vegprosjekta eg har sett nærmare på er E18 Langåker-Bommerstad, RV.306 Kirkebakken-Re grense, E18 Gulli –Langåker. Casestudien ser nærmare på gjennomføringa av prosjektet, sakshandsaminga i rettsapparatet og ankeerklæringa til Høgsterett for kvar enkelt sak. Datainnsamlinga er gjennomført ved ustrukturerte intervju, informasjon og dokument i Statens vegvesen sine databasar, samt rettsdokument for dei ulike sakene. Gjennom casestudiet har et sett nærmare på kva retten har vurdert ved pårekneleg utnytting av dyrka mark, samt kva argumentasjon Staten har nytta i ankeerklæringa til Høgsterett. Funna i casestudiet syner at retten har vurdert pårekneleg utnytting av dyrka mark som høgare enn den pågande produksjonen, og har dermed gjeve eit høgare vederlag i kr/pr. m2, enn det som tidlegare har vore vanleg i Vestfold. For å kunne seie noko om ...
No Comments.