نبذة مختصرة : Oppdragsgiver: Dalane Folkemuseum/Riksantikvaren ; I samband med reperasjonar av grunnmuren til eit av husa i Helleren i Jøssingfjord (id 34551), Sokndal kommune gjennomførte Arkeologisk museum, UiS, ei arkeologisk gransking av dei område som vart råka av tiltaket. Utgravinga vart utført i samarbeid med Dalane Folkemuseum den 03.05.16 og 25.05.16. På utsida av grunnmuren (vest for huset) bestod massane av påførte fyllmassar frå slutten av 1800-talet og tidleg 1900-talet. Dei same massane fans også i det øvste nivået på innsida av grunnmuren, men her fans også intakte eldre lag. Til saman vart det skilt ut fire lag under den «moderne» fyllen, og det nedste av desse laga er 14C-datert til tidleg merovingartid. I dei fire laga vart det funne små fragment med brende og ubrende bein, m.a. ein ryggvirvel av fisk.
No Comments.